Åge Aleksandersen og Sambandet

På scena etter 30 år.

Åge Alekandersen var ”head-liner” på den første Glopperock i august 1980. Etter 30 år er Åge framleis på toppen i norsk rock og Glopperock er stolte av å kunne presentere Åge Alekandersen og det 6 mann sterke ”Sambandet” på toppen av ”Glopperockplakaten”, 30 år etter…. HER BLIR DET FEST. !

163 av de nær 400 songane på ferda frå han brakk fingeren for å sleppe unna plikttenesta og famne musikken, er nå ute i bokform og opphavsmannen har funnet sitt livs form saman med Sambandet. Reisa som starta med Skin Sola, gikk gjennom Ramp, Dains med dæ, Rio de Janeiro, Levva livet, Lys og Varme og Eldorado, vaks seg inn i De mørke soverom med Dekksguten, Din Dag og Stormen, drog med Tonen til Linedans og skvatt To skritt fram innom Skyggeland og over Blått Hav, helste på Danserinnen og Janne Ahonen før dei har mellomlanda i ein Høstsong. Alle hans 20 album er no gitt ut på ny med nær 70 ekstra låtar i to samleboksar.

Ein ny vår grodde fram, ferda har ført til nye publikumsrekordar, prisdryss og heider. Men aller mest til konsertar og plate som viser ein artist som stadig er i stand til å strekke sine prestasjonar eit hakk lenger.

”To skritt fram” og ”Katalysator” har gjeve nye allsongfavorittar og satt ekstra fart i publikum, side om side med alle klassikarane frå Åges rikhaldige songskatt gjennom fire tiår.

Det har vært ei ferd i sol og regn, latter og sorg. Ei ferd som på magisk vis startar opp like kjærkommen, vital og berikande når Sambandet fyrer opp kompet og sjefen lader Fenderen. Alle songane får ikkje plass på konserten i Jølet, heller. Men ein ting er like sikkert som alltid: De aller fleste får låtane dei ønskjer seg, og alle får meir enn dei forventar seg. Til fest har Åge alltid vore ein suksess.

Åge & Sambandet er: Morten Skaget, bass – Terje Tranaas, keyboards – Gunnar Pedersen, gitar – Åge Aleksandersen, gitar og song – Steinar Krogstad, trommer – Bjørn Røstad, saksofon – Sjalg Raaen, gitar.


Meir info og bilder finn du på
www.levvalivet.no


Publisert: 2010-03-30 13:00:21


Del denne artikkelen!
GLOPPEROCK
Er ein av dei eldste festivalane i Norge. Første festivalen vart arrangert i 1980 og årets festival er den 26. i rekka.
GLOPPEN MUSIKKFORUM
Bak Glopperock står Gloppen Musikkforum.