Keep of Kalessin

Svartmetall for første gong.

Metallbandet Keep of Kalessin skal vere kjent for dei fleste etter si deltaking på Grand Prix. Trønderbandet hevda seg i toppen og vart blant topp 4 under finalen med låta ”The Dragontower”. Bandet, som starta allereie i 1994, er det første innan sin black metal-sjangeren som vitjar ein festival i Sogn og Fjordane. Bandet har fire album bak seg og fleire Ep’ar som alle har fått gode kritikkar. Keep Of Kalessin kjem ut med ny cd ”Reptillian” i mai. Norge er ledande på svartmetall og Keep of Kalessin er på toppen av denne sjangeren og bandet har hausta internasjonal merksemd for sine album.

Keep of Kalessin er: Obistian clav - gitar, keyboards og backingvokal. Wizziac bass og backing vocal . Vyl, trommer og gitar. Thebon, vokal.

http://www.keepofkalessin.no/



Publisert: 2010-03-30 13:05:10


Del denne artikkelen!
GLOPPEROCK
Er ein av dei eldste festivalane i Norge. Første festivalen vart arrangert i 1980 og årets festival er den 26. i rekka.
GLOPPEN MUSIKKFORUM
Bak Glopperock står Gloppen Musikkforum.