David Urwitz

Svenske med stor suksess.
Svenske David Urwitz kjem frå Göteborg, og har dei siste åra slept heile fire plater i Sverige. - og det heile har gått relativt umerka hen i Noreg. Men det er i ferd med å snu. I mars slepte Urwitz ein sjølvtitulert samleplate i Noreg - i tillegg gjennomførte han heile 20 konsertar i mars på sin Noregs turne.
Han debuterte i 2005 med det kritikarroste Det var väl inget mer med det. På denne samlinga finner vi mellom anna ”Alt Jag sa”, ”Jag gör vad som helst” og ”Sjung för mig” frå det albumet. Alle svært gode låtar, spesielt førstnemede er ei vakker låt med ein tekst til ettertanke. Med låtar som ”Lycklig”, ”En Eftermiddag” og ”Oj Oj” viser Urwitz at han også kan å rocke.
Plata som kom i mars er ei oppsummering av dei tre første platene hans. Musikken er svært bra og det kan høyrast ut som ei blanding av Per Gessle solo, Lars Winnerbäck, Ulf Lundell og Bruce Springsteen.
”Samleplata opnar med dei to singlane, "Lycklig" med ein helling mot Winnerbäck som han høyrest ut på den nyaste plata og "Din Skull" som minnar om ei litt tyngre utgåve av det Gessle har gjort i det siste. Med pianoet som eit leiande instrument i versa, og som plata startar, held ho fram, gjennom 12 sterke låtar. Skriv Firdaposten sin musikkanmeldar og gjev plata terningkast 5.
I Sverige er David Urwitz ein av dei store artistane som trekker mykje folk til sine konsertar, med m.a. publikumsrekord på Liseberg Musikkpavliong.
Glopperock presenter her ein ny spennande artist for sitt publikum – ein av Sveriges største…
Publisert: 2010-03-30 13:06:50
Del denne artikkelen!
Er ein av dei eldste festivalane i Norge. Første festivalen vart arrangert i 1980 og årets festival er den 26. i rekka.
Bak Glopperock står Gloppen Musikkforum.
HJØRNET
19821983
19841985
19861987
19881989
19901991
19921993
19941995
19961997
19981999
20002001
20022003
20042005
20062007
20082009



