Audrey Horne

Supergruppe frå Bergen.
Audrey Horne er eit bergensk superband satt saman av musikarar frå band som Enslaved, Gorgoroth og Deride. Det hardslåande bandet har nettopp sleppt si 3. plate ”Audrey Horne” til strålande kritikkar; ”Eit Kiss-riff her, noko Maiden-gitarar der, eit storslagent Aerosmith-tablå, litt Ozzy og litt Zeppelin, og stadig med ein del 90-tals Seattle i ettersmaken hjå bergensarane”..... Avisene har strødd rundt seg med femmarar og seksarar for det sjølvtitulerte albumet. Audrey Horne leverar forrykande konsertar og er kjende langt utover dei norske grensene.
Bandet kjem direkte frå Finland og support for KISS torsdag og konsert på Sweeden Rock fredag, før dei inntek ”Jølet ” og Glopperock laurdag 12.juni. Bandet skal også spele på fleire store festivalar i Europa i sommar.
Audrey Horne er: Torkjell ”Toschie” Rød, vokal - Kjetil Greve, trommer. - . Arve ”Ice Dal” Isdal, gitar - . Thomas Tofthagen, gitar.
http://www.audreyhornemusic.com
Publisert: 2010-03-30 13:06:01
Del denne artikkelen!
Er ein av dei eldste festivalane i Norge. Første festivalen vart arrangert i 1980 og årets festival er den 26. i rekka.
Bak Glopperock står Gloppen Musikkforum.
HJØRNET
19821983
19841985
19861987
19881989
19901991
19921993
19941995
19961997
19981999
20002001
20022003
20042005
20062007
20082009



