Informasjon

Glopperock vert arrangert i vakre Jølet på Nordfjord Folkemuseum. Nytt av året er at Nordfjord Folkemuseum har gjeve oss løyve til å skjenke på heile området inne i Jølet. Dette gjer at born under 15 år må vere i følgje med foreldre/føresatte. Dei mellom 15 og 18 år vil få utdelt eigne band som syner at dei er under 18 år.

Dersom midreårige vert obsertvert med alkohol vert festivalbandet klipt av umiddelbart. Dette gjeld også vaksne som overlet alkohol til mindreårige. Dei vil så bli bortvist frå festivalområdet.

Det er kiosk med varm mat og drikke på festivalområdet. All mat og drikke må kjøpast med bongar. Kjøpte bongar vert ikkje refundert.

 

GLOPPEROCK
Er ein av dei eldste festivalane i Norge. Første festivalen vart arrangert i 1980 og årets festival er den 26. i rekka.
GLOPPEN MUSIKKFORUM
Bak Glopperock står Gloppen Musikkforum.