| |
Nyheter:
Nye nettsider er under utvikling, og vil bli ferdigstilt i løpet av kort tid.
Ingen av menyvalgene er tilgjengelige foreløpig.
| |
 |
|
Bjørn Eidsvåg opnar Glopperock!
Bjørn Eidsvåg er ein av Noregs mest folkekjære artistar og saman med bandet sitt held han opningskonserten til «Glopperock 2012» i Trivselshagen på Sandane, torsdag 23.august.
Bjørn Eidsvåg er ein bauta i norsk musikk. Sidan debutalbumet i 1976, har Bjørn Eidsvåg turnert Norge på kryss og tvers utallege gongar, og har gjeve oss heile 24 album som til saman har selt over ein og en halv million eksemplar.
Som vanlig har Bjørn med seg eit fantastisk band, med nokre av Noreg sine dyktigaste musikarar. Geir Sundstøl på gitar, Bjørn Holm på bass, David Wallumrød på tangentar og Anders Engen på trommer. |
|
| |
|
|
|
|
| |
 |
|
Staut klare for Glopperock-2012!
Staut er det nye stjerneskotet frå Valdres som overraskar eit stadig større publikum med sin friske folkrock og store speleglede. Bandet vil innta Heradsplassen på Sandane laurdag 25.august.
Den 6-mann store gruppa spelar akustisk folkrock og består av erfarne musikarar med bakgrunn frå både folkemusikk, pop og rock. Musikken komponerast og arrangerast av gruppa sjølv. |
|
| |
Gruppa sitt debutalbum med same namn ”STAUT” blei slept i 2010 og gjekk rett inn på VG-lista. Albumet har fått mange terningkast 5 og ein stk 6’ar, og svært gode anmeldingar frå dei største avisene i landet.
I 2011 kom cd`n «Eigarlaus» til svært gode kritikkar og singlen «Slepp meg inn» har vore flittig spelt på radio dei siste månadane. Staut er eit band på veg opp og er fortida eit av Norges mest etterspurde, og skapar god stemning på kvar einaste stogg på vegen. Laurdag 25.august kjem dei til Sandane og ute-scena på Heradsplassen under Glopperock 2012, med sin forrykande folkrock. |
|
| |
|
|
|
|
| |
 |
|
Gabrielle til Glopperock-2012!
Gabrielle Leithaug (27) er betre kjend under artistnamnet «Gabrielle», og er ein norsk electropopsongar. I 2011 lanserte ho sin fyrste singel, «Ring meg», som kom på fyrsteplass på VG-lista og på iTunes,. Ho selde til 8 gonger platina og blei nominert til Spellemannprisen 2011 i kategorien «Årets hit». , med 1,7 mill. visningar på Youtube.
Mars i år kom debutalbumet «Mildt sagt» på CD, Vinyl og digitalt. Plata låg siste veke som nummer 12 på VG-lista, og veks seg stadig oppover. Det er med andre ord ingen tvil om at Glopperock har teke tak i ein særs dagsaktuell artist. |
|
| |
|
|
|
|
| |
«Glopperock 2011» hadde ein publikumsauke på 20%, og eit overskot på kr. 22.118.- som er det beste økonomiske resultatet på mange år. Styret i Gloppen Musikkforum er svært godt nøgde med konsertane og overskot, og vel difor å satse på ein ny Glopperock-festival torsdag 23 til laurdag 25.august 2012, i samarbeid med Sandane Dagane som vert arrangert same helga.
Gloppen Musikkforum vil sleppe fleire artistar etter kvart til Glopperock 2012. |
|
| |
|
|
|
|
|
|
|


| Vi takker artister, publikum, den utrettelige arbeidsgjengen og våre støttespillere for at dere var med å gjøre Glopperock 2011 til en fantastisk opplevelse! |
|
|